Årets fellesdugnad er storfest med Vassendgutane 16. november. Dette er ei viktig inntekt for idrettslaget, og det er forventa at alle lag er med og bidrar med dugnadsvakter. Om det er nokon som ikkje har tilknytning til lag som har lyst å ta ei vakt er det sjølvsagt frit fram og melde seg. Arbeidsoppgåvene KAN bli endra ved behov. Alle er med og ryddar før dei går heim. Vasking vert gjort av eigne dugnadsfolk søndag morgon. Alle vakter må vere over 18 år. PS! HUSK Å SKRIVE I KOMMENTARFELTET KVA LAG DU GÅR DUGNAD FOR!